Shuttlebus Hardanger
Prøv dei mest kjende turløypene i Hardanger. Vi køyrer deg i buss/taxi.

Transport fra:
Lofthus og Kinsarvik til Dronningstien
H.M. Dronning Sonjas panoramatur
I perioden 24. mai – 30.september køyrer vi dagleg mellom Lofthus og Kinsarvik til startpunktet på Dronningstien (Røte). I juli og august køyrer vi flere avganger dagleg.
I perioden 24 mai – 29 juni 2 avgangar pr dag
I perioden 30 juni – 24 august 3 avgangar pr dag
I perioden 25 august – 30 september 2 avgangar pr dag
Transporten til Dronningstien må forhåndsbookast seinast kl 20.00 kvelden før.
Frå Lofthus køyrer bussen frå følgjande stader om morgonen:
• Parkeringsplassen v/Ullensvang kyrkje
• Lofthus sentrum v/Ullensvang frisør (Lofthus Ekspedisjon-bygget)
• Hotell Ullensvang v/resepsjonen
• Lofthus Camping v/resepsjonen
MERK! Grunna anleggsarbeid i Lofthus sentrum er det ikkje parkeringsplassar her. Vi anbefaler parkering på Røte (og ta bussen tilbake frå Lofthus etter turen) eller i Kinsarvik på arealet mot sjøen ved Essostasjonen. Her er det mange parkeringsplassar. Ein kan ta bussen vidare opp til Røte og tilbake frå Lofthus til Kinsarvik etter turen)
Køyretid frå Lofthus til Røte er ca 15-25 min.
I Kinsarvik køyrer vi frå:
• Esso-stasjonen
Bookar ein tur frå Kinsarvik er retur frå Lofthus til Kinsarvik inkl. i prisen.
Returtransport etter endt tur treng ein ikkje forhåndsbooka.
Returtransport vert køyrt frå desse stadene:
• Lofthus Sideri (Eidnes)
• Lofthus frisør (kryss Rv 13 /Hellelandsvegen (MRK Ingen påstigning v/Bunnpris) Sjå kart
Returtransport frå Lofthus til Røte/Kinsarvik vert køyrt mellom kl 14.00 og kl 19.00. Bussane køyrer regelmessig. Tid mellom kvar avgang vil variera etter kor stor trafikken er.
Dei fleste vel å gå frå Røte til Lofthus. (ca 5-6 timars tur)
Dersom ein vel gå frå Lofthus til Røte kan ein bestilla transport tilbake til startpunktet. For avtale om henting på Røte; ring 911 74 349 / 48 25 65 67 når du er komen forbi stien (til Heng) og har starta på traktorvegen mot Røte (som tar ca 45 min. å gå)
Hund på bussen:
Det er tillatt å ta med hund på bussen. Liten hund (under 5 kg) ingen kostnad. Stor hund (over 5kg) kr 50.- (Tur/retur Kinsarvik kr 75,-)
Grunna avgrensa plass for hundar er det sikrast å ringja og sjekka om det er ledig plass til hun
Ønskjer du transport utover oppsatte rutetider eller til andre stader som t.d. Husedalen eller Trolltunga/Skjeggedal? Ta kontakt for nærare avtale
Ring 911 74 349 / 48 25 65 67
NYHET: SIDERTURER


Ønskjer du å bestilla tur til andre reisemål i området? Ta kontakt for pris.
Send oss ein e-post eller ring oss på 911 74 349 / 482 56 567 for informasjon og booking.